KKK‎ > ‎Opptak mars 2017‎ > ‎

Alf Holmelid

lagt inn 23. nov. 2017, 04:08 av Bjørn Enes   [ oppdatert 4. feb. 2018, 12:56 ]
Alf Egil Holmelid var ein av dei mest sentrale lokapolitikarane frå Sosialistisk Venstreparti i Kristiansand gjennom heile perioden 1990 - 2017. Han er opprinneleg frå Fjaler i Sunnfjord, og kom til Sørlandet som relativt nyutdnna  ingeniør på Elkem i 1976. Han sat i Bystyret frå 1998-2003  og på Stortinget 2009-2013. I 1999 gjekk han frå industrien til Høgskulen i Agder, der han var aktivt med på å universitetsutviklinga. Han har vore forskingsdirektør på høgskulen/universitetet i Agder frå 2002.  i   (Les meir i Wikipedia)   
I dette opptaket frå mars 2017 fortel han litt om det uvanlege ved å vera politikar og industrimann, og om nytte han har hatt av det både i politikken og i universitetsleiinga. Han meiner mellom anna at det forklaringa på kvifor UiA har ord på seg for å ha eit særs vellukka samarbeid med næringsloivet i regionen. 
Han hugsar lite frå debatten om den nye energiloven i 1990. Då spørsmålet kom opp om å gjera Kristiansand Energiverk om til AS, var han og partiet imot, av di dei mistenkte at dette kunne vera eit fyrste trinn i retning privatisering. Av same grunn var dei mot fusjoneringa av dei tre energiverka på Sørlandet til Agder Energi. Han kallar motstanden "lite energisk" i starten, av di det var moglege konsekvensar ei var imot, ikkje AS- forma eller fusjonen i seg sjølv.  
Spørsmålet om sal kom ikkje opp før i 1997 eller 1998. Han sat då i Formannskapet. Han er sterkt kritisk til prosesen frå då av. Hn meiner at Bystyret vart fanga i ein "catch 22", av di hovudspørsmålet om sal eller ikkje sal aldri kom opp, medan ein serie orienteringsmøter utan høve til debatt utmanøvrerte motstandarane. 
Han summerer opp at motstandarane var SV som var mot sal, Venstre som var mot å få for fort fram, og Kristieleg Folkeparti som etter kvart vart meir og meir imot sal.  Men ingen veit kor fleirtalet hadde vore om spørmålet om sal hadde kome opp før det var for seint å snu, seier han. Særeg uvisst ville utfallet ha vore i Arbeiderpartiet
Han er også kritisk til at spørsmålet om kva pengane skulle brukast til alltid vart skild frå spørsmålet om sal. Alle var jo for å etablera Cultiva og Kompetansefondet. Når realitetsdebatt om føresetnaden - salet - heile tida vart utsett, virka det for alle som at semja om sal var like stor. 
Stiftelsane var viktige for å lukkast med universitetet. Kompetansefondet har alltid samordna sin politikk med universitetsleiinga, det har ikkje Cultiva, som har samarbeidd meir med enkeltforskarar og -miljø. Den fyrste strategien, om å utvikle kulturnæringar i Kristiansand, slo truleg ikkje til, sjølv om det har vore ein påfallande vekst i synlege kunstnarar frå byen. Det burde forskast på om det har samanheng med stifltelsane. 
I det store biletet nevner han tre område som er merkbart endra i byen:  Uteliv og kulturliv har utvikla seg veldig, næringslivet er blitt mykje meir allsidig - og utdanningsnivået på folk i byen er merkbart høgare. 
Men han ser mørke skyer bygga seg opp. Ein ganske liberal periode med slike framgangar kan sjå ut til å bli avløyst av en periode der unge, aggressive kristenkonservative er på frammarsj att. 
Intervjuarar var Olav Wicken og Bjørn Enes 
 


Alf Holmelid

Stikkord om innholdet i intervjuet:

(Tallene til venstre er tidskoder - timar, minutt og sekund fra start. Blå tidskoder er klikkbare.

Du kan lage egne pekere ved å erstatte timer (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/240320160#t=1h16m0s)

    

Utskriftsvennlig stikkordliste


00:00:00 I 1990 arbeidde eg på Elkem. Det var ein uvanleg kombinasjon for ein miljøpolitikar
01:13:00 Jeg er utdannet i teknisk kybernetikk eller reguleringsteknikk
02:20:00 Reiste mye for å installere reguleringssystem på smelteomnar
02:40:00 Eg vart headhunta til Elkem på Sørlandet to år etter eksamen, i 1976
04:15:00 Eg lært opp operatører i data. Det beste var å gjera det nattskift, i fred for andre
05:25:00 I 1998 søkte eg meg tilbake til ingeniørutdanninga i Grimstad
07:30:00 Eg var med på å laga den fyrste mastergraden og Dr.graden på ingeniørutdanninga
08:25:00 Etter kvar vart eg forskingsdirektør. Det var lite kontakt med næringslivet
10:15:00 Eg var med å starta både NODE og Eyde-nettverket. (Forklaring)
11:30:00 Med ei næringsklynge kan samordna næringslivets ynskjer frå universitetet
14:10:00 Derfor har Sørlandet eit godt samarbeid mellom universitet og næringsliv
14:46:00 Eg skreiv ein rapport om samarbeidsformer, som viser seg like aktuell no.
16:15:00 Politikk: Eg sat fem periodar i bystyret og ein på Stortinget, i næringskomiteen
17:30:00 I næringskomiteen var eg den einaste som hadde jobba i industrien
18:10:00 Eg fekk gjennomslag for satsing på miljøteknologi og klyngedanning
19:40:00 Me hadde jo og saka om refinsniering av Statkraft.
20:40:00 Eg gjekk inn for å styrka Statkraft sin kapital for å satsa på fornybar
21:35:00 Sia har dette blitt omgjoret, og Statkraft er no heilt ute av offshore vind
23:00:00 Eg støtta Hydro sitt oppkjøp av VALE
24:30:00 Energiloven: Akkurat lovendringa var eg lite borte i
25:10:00 Elkem starta lobbykampanje for gode kraftkontraktar. Eg meinte den var useriøs.
27:10:00 Så kom diskusjonen om å gjera KEV til AS.Tilhengarane sa at det ikkje skulle seljast.
28:05:00 Vi meinte dette var å legga til rette for privatisering, Derfor var vi imot.

Vi lærte at det er viktig å stoppe uønska utvikkling på første trinn i prosessen,
29:50:00 Vi var imot, men kjempa ikkje energisk mot omgjering til AS
30:30:00 Også fusjonen var argumentert med at den ikkje hadde samband med sal.
31:20:00 Den store dramatikken begynte ikkje før det vart snakk om sal. (Det er lenge sidan)
32:02:00 Vi argumenterte mot både AS og fusjon, men ikkje veldig energisk
32:30:00 Det var voldsomme bølger omkring salet. Ap tapte stort i 2003, og SV vant på grunn av salet
. Eg kan ikkje hugsa at nokon snakka om sal då KEV vart omgjort til AS
34:10:00 Eg var i Formannskapet fram til 1999, og kan ikkje hugsa nokon stor diskusjon der.
34:50:00 Ideen om sal vart lansert i Formannskapet kanskje 1997, 1998
35:30:00 Eg hugsa eit orienteringsmøte i Bystyret der me ikkje fekk lov å fremja forslag
36:10:00 Prosessen var slik – masse orienteringsmøter, få sjansar til å fremja motstand
36:40:00 Alle vil ha Stiftelse – det vart brukt til å skape eit «Catch 22»

37:40:00 Wallevik-Valvik-Ugland hadde veldig god regi.
38:50:00 Harald Sødal sa til meg ein gong at han følte seg heilt bondefanga
40:49:00 Eg trur ikkje me hadde salet oppe til votering før forhandlingane var ferdige
41:25:00 Eg var så opphissa på trioen pluss løpegutten Solveig Løhaugen

Utruleg at ein så stor sak vart køyrt utanfor dei politiske prosessane
42:30:00 Mange folk var lojale mot systemet, og stemte mot av di det ikkje sto på sakslista
43:15:00 To ting: Mange orienteringsmøter utan diskusjon for eller mot
43:50:00 Når saker vart fremja, handla om alt mogleg anna enn den faktiske salsprosessen

Derfor veit vi ikkje om der var eit reelt flerirtal mot sal
45:20:00 Harald Sødal og en til i KrF var også skeptiske til sal.
45:55:00 SV var mot heile tida, Venstre var mot å gå for fort fram, og etter kvart vart KrF imot
46:33:00 Vi var mot sal – at grunnrenta skulle på private hender.

Me trudde ikkje avkastinga på energi vill bli mindre enn avkasting på aksjer
48:10:00 Rådmannen hadde ein argumentasjonsrekke som ikkje heldt vatn om skjønnsmilder.
49:19:00 Skatt: Det er ikkje eit argument i off. Verksemd å sleppa skatt.
50:00:00 AP: Bjarne Ugland er ikkje kraftsosialist – men det motsette
50:50:00 AP meinte også at Agder Energi kunne vera ein motor i regionen også med Statkraft

Det har dei heilt slutta med
52:39:00 Vi var i samtale med fagforeiningane. Vi var for industriaktøre og mot å tappe selskapet
54:35:00 Rådmannen trudde at aksjeinntekter ville svinge meir inn kommunen kunne handtrera
56:35:00 Rådmannen og Wallevik var nok mot at kommunen skulle eiga ein marknadsbedrift.
57:00:00 AP – eg veit ikkje så mykje om kvifor dei gjekk inn for sal.
57:40:00 Dei hadde Ove Gusevik inne som konsulent – for å passivisere venstresida.

(Kort om Guseviks historie frå SV-politikar til konsulent med klokketru på marknad)
59:00:00 Seinare avslørte Fødrelandsvennen også at kontrakten med konsulenten var provisjon
Ein time
01:00:00:00 Heile prosessen er som ei lærebok i grep for å få gjennom ei sak utan å bryte lover
01:50:00 Eg har lurt på kor det vart at Skolebruksfondet,

Stiftelsane var ei pakke som skulle gjera at folk vill selgja.
03:10:00 Kompetansefondet skulle gå til Universitetet, det var me ikkje mot

Men styringsforma til Cultiva var me mot – kvifor skulle det vera stiftelse?
04:30:00 Stiftelse: Politikarane fråskreiv seg den politiske styringa.

Tanken bak var at politikarane ikkje styrer med meir enn 4 års perpektiv
06:00:00 Det var ein visjon om at kultur skulle bli ein næringsveg, pluss eit samlande formål
07:30:00 Det vart gjort mykje etter visjonen om kultur og næring dei fyrste åra
08:30:00 Folk flest delte ikkje den visjonen. Det var ein rådhusvisjon

Det var spenningar mellom næring og kultur – men ikkje veldig kontroversielt
10:20:00 Richard Florida var nok viktig for Valvik og Bjørn Fjellstad (Kompetansefondet),
11:40:00 Både prof. Arne Isaksen og Pål Repstad argumenterte mot at Florida passa for Noreg.
13:20:00 Kan ikkje hugsa at det var spesielle nedgangstider i olje/leverandørindustrtien på 1990-talet.
14:20:00 Men det var tøft i prosessindustrien – Elkem var så godt som konkurs rundt 1990
16:00:00 Eg hugsar jo debatten om «Det sure liv på det blide sørland»

Eg og SV argumenterte for at me burde satsa på miljøteknologi alt på 80-talet
19:48:00 New Public Management kom på den tida (ca 1993) – eg engasjerte meg sterkt
20:30:00 Bestiller-utførermodellen – eksempel fra Elkem Spikerverket -
22:04:00 Venstresida mista hegemoniet i den offentlige debatten
23:35:00 Det var nesegrus beundring for privat sektor – det skulle overførast til offentlig sektor

me argumenterte sterkt imot
26:00:00 Vi brukte mykje tid på å protestere mot, f.eks. Bestiller/utfører, veiutbygging etc.
27:30:00 Veiane var statlige og vart bygd – kollektivtrafikk var fyulkeskommunal og vart ikkje
28:50:00 Vi utvikla mange alternativ.
29:58:00 Eg var med å utvikla søknadssystemet for Kompetansefondet og Cultiva
31:20:00 Problem: Forskarar gjekk direkte til Cultiva utan at det var forankra i univeristetsleiinga
32:30:00 Både Culitva og K-fondet laga strategiar for landsdelen som ikkje var tydelege.
34:00:00 Et eksempel:(Hugsar ikkje namn) – eit område som falt i fisk.
36:10:00 Nå er det K-fondet som får kritikk for utydelege utlysingar
36:55:00 K-fondet gjorde at me fekk universitetet tidlegare gjennom å finansiere stipendiatar.
39:06:00 Cultiva støtta også – vi skreiv søknader.om strategiske prosjekt
40:10:00 I K-fondet søkte vi på kompetanseprogram, i Cultiva søkte vi på mer vanlige prosjekt
42:08:00 Fokuset på kulturnæringer har ikkje slått til. Men det har skjedd mykje

Det kjem skodespelarar, musikarar og performancekunstnarar frå KrSand,

men eg veit ikkje om det har noko med Cultiva å gjera Nokon børe studera det.
44:10:00 Barnestrategien til Cultiva er å gå i den andre grøfta. Men litt tidleg å døma.
46:50:00 Endringar: Uteliv og kulturliv er blitt noko heilt anna-
48:10:00 Næringslivet er blitt veldig mykje meir variert, ikkje minst pga leverandørindustrien
49:10:00 Utdanningsnivået er merkbart mykje betre
51:00:00 Men no ser det ut til at eit tilbakeslag er på veg – kristeinkonservative går fram
52:20:00 Etter ein liberal periode er den unge, aggressive kristenkonservatismen på frammarsj.
54:10:00 Sjølvsensur i forskingsmiljø er også tilbake i forhold til næringsliv.
1:57:52:00 SLUTT
Ċ
Bjørn Enes,
4. feb. 2018, 12:55
Comments